Fridtjov Urdal (1952) er ein mangfaldig kulturarbeidar frå Vassenden, til dagleg formidlingskonsulent ved Sogn og Fjordane kunstmuseum i Førde. Urdal har inga formell utdanning, men har bakgrunn frå fjordafart, smelteverk og Riksutstillingene. Urdal er spesielt kjent som folketalar og kan kunsten å fornærme folk så dei blir i godt lune. Han er også ein pasjonert auksjonsgjengar og samlar av koparstikk og bøker.
I tillegg til stillinga si har han skrive fem bøker, ei mengd forteljingar, artiklar og debattinnlegg. Han har vore skodespelar på revyscenen og hadde rolla som skummel mann i Barne-TV-serien «Fantestrekar», samt skrive for teater.
Siste skriveprosjekt no er «Soga om Stadvik» med biografiar, forteljingar, leksikalsk informasjon og segner frå den fiktive kommunen Stadvik, ein eller annan stad på Den norske Regnkysten. Dette er eit samarbeid med Morten Holmefjord og Matej Gabris.
I om lag 20 år har Urdal laga landskapsmåleri på eit antikvarisk dataprogram. Det han vel vitande manglar av edb-kunnskap tek han att i fargeval og komposisjon. Eit utval av desse bileta blir for første gong utstilt på Oseana under utstillinga «Røynda Rundt».
Matej Gabris (1977) er formgjevar og kunstnar frå Bratislava, Slovakia. Gabris driv verksemda Gabris Banknotes og har dei siste fem åra levd av å produsera pengesetlar for offentlege og private institusjonar, samt eigne utgjevingar til ein ivrig samlarmarknad. Setlane blir selde over heile verda og er kjende for sin kvalitet både når det gjeld visuelt uttrykk og trykk.
Han har utdanning frå grafisk formgjeving, og har tidlegare vore lærar og arbeidsformann på eit trykkeri. Ein setel laga av Gabris vart første gong sett i sirkulasjon i Eikelandsosen i mai 2018. Siste oppdraget han fekk, var å laga ei gåve til sentralbanksjefen i Portugal frå denne sin kollega i Slovakia.
I tillegg driv han eit lite forlag med godhug for smale og lite innbringande utgjevingar med numismatiske tema.
Gabris har også i fleire år gått på norskkurs (bokmål) hos ei dansebandsongarinne og syslar med tanken om å ein dag flytta til Noreg (noko Holmefjord sterkt rår han frå). Han er oppteken av populærkultur, samfunnspolitikk og ikkje minst historie – i eit land som vart oppløyst utan noko form for folkerøysting (oppløysinga av Tsjekkoslovakia i 1992). Sjølv om ein har kome betre frå det enn mange andre tidlegare kommunistiske land, slit Slovakia enno med arven frå fortida og postmoderne vokstsmerter. Trass i eit konservativt uttrykk er Gabris ein europavenleg liberalar, samstundes som han brukar historisk innsikt og venlegsinna ironi i verka sine.
Utstillinga Røynda Rundt er Matej Gabris sin utstillingsdebut i Noreg.
Morten Holmefjord (1975) er kunstnar og skribent frå Eikelandsfjorden i Bjørnafjorden. Han har utdanning frå Bergen Kunsthøgskule avd. Akademiet. Holmefjord var Visekonge av Fusa frå 2003-2005. Han opplevde mange kunstnarars våte draum om å bli kjeppjaga frå heimkommunen etter ei folkerøysting om prosjektet «Kongedømet Fusa» skulle halda fram eller ikkje. Under sitt påfølgjande toårige eksil i Uruguay gav han ut «Piriapolisposten» – ei lokalavis på norsk for landsbyen Piriapolis, som på det meste hadde 70 abonnentar. Etter heimkoma var Holmefjord tilknytt lokalavisa Os & Fusaposten fram til 2015, der han mellom anna vart kjent for dels usaklege kommunestyrereferat. Han har etter dette vore formelt arbeidslaus og frå mars 2020 utan inntekt.
Holmefjord arbeider med blyant. Motiva er ofte gamle hus eller personar, utarbeidd frå ørsmå skisser. Ved første augnekast gjenkjennelege, samstundes som noko skurrar. Teikningane har referansar til mellom anna religiøs kunst og avisteikningar.
«Mykje av medvitet vårt heng som eit slips etter teknologien, teknologien som har avskilta historien, staden og tida. Grunnane til at me er komne hit er irrelevant, staden ei hindring og ingenting blir gamalt og ingen skal døy. Teikningane mine står i ro. Og er eg heldig, nappar dei deg i ermet».
TAKK til Os bondelag, Hegglandsdalen grendalag og Balholm.