nodeimage

Turid Sværen: STING. 29.02 - 22.03.

Utstilling med tekstilarbeid av Turid Sværen

Kl. 14:00 Utstillingopning. Servering av forfriskningar.

Kl. 15:00 Samtale mellom Turid Sværen og kunsthistorikar og førstekonservator ved Kode, Anne Britt Ylvisåker.

Turid Sværen sin installasjon i Hvelvet dominerer rommet frå golv til tak. Dei tekstile verka gjev assosiasjonar til planteteksturar som mose, lauv, lav og skog, men også vatn og hav.  I det ein entrer utstillinga og bevegar seg gjennom installasjonen, kan ein oppleva det heile som ei vandring i lys og skugge. Det er eit særs omfattande og tidkrevjande arbeid som ligg bak den skulpturelle virkninga i dei enkelte verka. Utgangspunktet er to ulike tekstiler og to ulike symaskin-saumar. Etter prosess og behandling, står berre saumen tilbake i to av verkene. I tillegg til dei skulpturelle verka, byr utstillinga også på fotografier. I desse vender tekstilane tilbake til sine inspirasjonskjelder i naturen.

Turid Sværen si interesse for tekstil som materiale, og kanskje spesielt potensialet i sytråden, går heilt tilbake til barndommen. Spesielt legg ho vekt på tida der ho som ung var løpejente på Irisfabrikken her på Os, og henta trådsneller og andre ting syerskene hadde bruk for. Då ho etter kvart blei klar over at det var kunstner ho skulle bli, gjekk ho først på Kunstskolen i Bergen (1998 – 2001), før ho tok ein bachelor ved Kunsthøgskolen i Bergen (2001 – 2004). Ho har hatt separatutstillingar ved Solstrand Fjordhotell (2003) og Galleri Frøya i Kalvåg (2016), og deltatt i ei rekke kollektivutstillingar, mellom anna ved Galleri Oz  (2002 og 2012), ”Spor i landskap”, Tyssøy (2003), Helsingfors kunsthøgskole (2003) og B-Open, Bergen (2004). I 2011 deltok ho ved Os fotoklubb si utstilling i Galleri Hvelvet, Oseana. Ho bur og arbeider i Bjørnafjorden. I tillegg til den kunstneriske virksomheten jobbar ho som miljøterapeut ved Vartun oppfølgingsteneste. 

Utstillinga står til 22. mars.

 

Dato

09. januar

Tidspunkt

9:30

Opningstider

Måndag

Tysdag - Fredag

Stengd

11:00 - 16:30

Laurdag

Sundag

11:00 - 16:00

12:00 - 18:00

Kontaktinformasjon

Oseana Kunst- og Kultursenter
Mobergsbakken 20
5200 Os

For spørsmål, kontakt Evelyn Holm på evelyn@oseana.no