nodeimage

Oss sjølve og me andre. Bygda - ein forstad til det globale. 11.10. kl. 16.

Kva er bygda i 2020? Kan eit kommunestyrereferat syngjast som ballade? Er bygda populær i EU? Og må ein lyge for å seia sanninga? Og kva med alt det andre?

Sundag 11. oktober blir det diskusjon og lukking av utstillinga «Røynda Rundt» i Oseana. Bygda som myte, realitet, idealtilstand og skrekkvisjon. Ein samtale mellom høgskulemann og kranglefant Hans Jakob Reite, forfattar og tvisynt Fridtjov Urdal, utflytta bydame og lokalpolitikar Torill Otterskred og kunstnar Morten Holmefjord. Denne sundager er også siste sjans til å sjå utstillinga.  
Musikalsk innslag ved Sigbjørn Hvidsten som syng avisa Firda sitt kommunestyrereferat frå då Førde som regionhovudstad var oppe som sak no i haust.    
Informasjonfilmen «Eg og den slovakiske landsbygda» av Matej Gabris blir vist for å få ein kontinental bymann sitt syn på landsbygda i eit EU-land.
Osingar, fusingar, bjørnafjordingar og elles godtfolk som er interesserte i bygda som ho faktisk er (og ikkje berre i korleis ho burde vore) er med dette invitert til sundagskos og ein frisk ettermiddagskrangel i Oseana.
 
Registrering og fribilletter ved lenke under, eller ved å kontakte Oseanas resepsjon. Opent kvardager 11 - 16.30, laurdager 11 - 16, søndager 12 - 18.  Tlf. 917 50 231.
 
 
 

Dato

11. oktober

Tidspunkt

16:00

Opningstider

Måndag

Tysdag - Fredag

Stengd

11:00 - 16:30

Laurdag

Sundag

11:00 - 16:00

12:00 - 18:00

Kontaktinformasjon

Oseana Kunst- og Kultursenter
Mobergsbakken 20
5200 Os
e-post: evelyn@oseana.no