nodeimage

Marianne Morild & Gro Thorsen - HILDRINGAR - 23.02 - 24.03

Utstillinga opner kl. 14:00

Ca. kl. 15: Samtale mellom kunstnarane og kurator Evelyn Holm

Ei hildring er eit syn der det som er i horisonten, tilsynelatande svever over den, og det som ligg lågare i landskapet, ser ut til å opphalde seg ein annan stad. Tittelen på utstillinga speglar slik dei ulike laga av illusjon i begge kunstnarane sine arbeid. Gro Thorsen sine måleri viser ofte anonyme menneske som passerer raskt forbi bildeflata i ukjende storbygatar eller ukjende arkitektoniske rom, og nokre gonger bare flytande i noko som kan synast som eit tomt rom. I måleria til Marianne Morild kan ein skimte landskap, fantastiske skogar eller forhistoriske fjellformasjonar under lag av abstrakte former. Rett før dei manifesterar seg i noko kjend, unndreg dei seg likevel kategorisering. I begge kunstnarane sine arbeid finn vi historier om tid, reiser, landskap og avstand.

Både Thorsen og Morild har budd i London i fleire år. Medan Morild flytta tilbake til Bergen for nokre år sida, deler Thorsen enno tida si mellom heimbyen Bergen og storbyen London. Ingen av dei har stilt ut i Noreg dei sista åra, og sjølv om dei deltok i same gruppeutstilling i London for nokre år sidan, er Hildringar første gongen dei samarbeider om ei utstilling.

Gro Thorsen er utdanna ved Kunstskolen i Bergen (1995 – 96) og Wimbledon School of Art (1996 – 99). Ho har ei lang rekkje med utstillingar bak seg, mellom anna separatutstillingar i Belgia, London, Hong Kong, Galleri LNM i Oslo og Bergens Kunstforening, og ved gruppeutstillingar i London, Antwerpen, New York og Tel Aviv, og ved kunstmesser som London Art Fair, Toronto International Art Fair og Art Chicago. Arbeida hennar er representerte i fleire offentlege og private samlingar, mellom anna Griegsamlingen, Warner Music Entertainment, London, Sjøkrigsskolen i Bergen og ved Fidelity Ltd sine kontor i storbyer som Hong Kong, Beijing, Tokyo, Toronto, Paris mfl. Thorsen bur og arbeidar i London og Bergen.

 Marianne Morild har utdanninga si frå Chelsea College of Art & Design, London (2000 – 03) og Central Saint Martin’s College of Art & Design, London (2011 – 13). Dei siste ti åra har ho delteke ved utstillingar ved Agrikultura Triennale i Malmø, fleire utstillingar i London, mellom anna ved Studio 1.1, Cock’n Bull Gallery og Transition Gallery, og ulike visningsstader i Bergen, Edinburgh, Oslo. Ho bur og arbeider i Bergen. 

 

 

Dato

23. February

Tidspunkt

14:00

Åpningstider

Mandag - Fredag 11:00 - 16:30
Lørdag - Søndag 12:00 - 18:00

Kontaktinformasjon

Oseana Kunst- og Kultursenter
Mobergsbakken 20
5200 Os

For spørsmål, kontakt Evelyn Holm på evelyn@oseana.no