nodeimage

Laurdag 23. mars. Astrup i Griegsamlingen - foredrag med Tove Haugsbø.

I foredrags- og samtaleserien SAMLING inviterer vi ulike personar til å bidra med sine perspektiv på Griegsamlingen. Laurdag 23. mars inviterer vi til foredrag med Tove Haugsbø (phd), Astrupforskar og førstekonservator ved KODE.

 

Griegsamlingen inneheld fleire måleri av den etter kvart internasjonale vestlandskunstnaren Nikolai Astrup. Måleria viser ei breidd i kunstarskapen når det gjeld motiv og teknikk, og er sentrale kjelder for å forstå Astrup som kunstnar. Haugsbø vil ta for seg måleria si historiske reise frå Astrup sin pensel til Griegsamlingen og Oseana, alt sett i lys av det pågåande arbeidet med ein resonnerande katalog over Astrup sine verk. 

Foredraget startar i Vargasalen før vi rundar av i Griegsamlingen framfor Astrupmåleria.

Varar omlag ein time.

Ord. 100,-

Gratis for medlemar av Oseana Kunstklubb. Medlemskap kan teiknast i resepsjonen.

Dato

23. mars

Tidspunkt

15:00

Åpningstider sommer 2019

Mandag - Fredag 11:00 - 16:30

Lørdag

Søndag

11:00 - 16:00

12:00 - 18:00

Kontaktinformasjon

Oseana Kunst- og Kultursenter
Mobergsbakken 20
5200 Os

For spørsmål, kontakt Evelyn Holm på evelyn@oseana.no