nodeimage

Kurt Johannessen. 25.01 - 16.02

Omlag 102 bøker 1984 - 2020

Bilde frå performanceforedraget "Røynda og konstruksjonane". Foto: Peder Otto Dybvig.

Velkomen til utstillingsopning laurdag 25. januar kl. 14 - 16.

Kl. 14:00: Utstillingsopning med forfriskingar.

Kl. 15:00 i Oseanasalen: Kurt Johannessen, «Om pust» - performanceforedrag. Etterfølgd av ein samtale mellom kunstnaren og Evelyn Holm.

 Kurt Johannessen er mest kjend som ein av Noregs viktigaste og mest populære performance-kunstnarar, men i norsk samanheng er han også ein pioner innan "Artist books". Som utstillingstittelen viser, har han produsert over 100 bøker sidan 1984. Alle bøkene er representerte i utstillinga, og publikum er velkomne til å bla i dem og lese dem på staden. I tillegg til heile bokproduksjonen består utstillinga av tegninger, trykk, fotografi og video. På opninga, og kanskje seinare i utstillingsperioden, vil publikum også få oppleva Johannessen som performancekunstnar.    
Kurt Johannessen (f. 1960) har hatt ein særskilt høg aktivitet av utstillingar, performance, utsmykkingar, bokutgivingar og andre kunstprosjekt i inn- og utland sidan 1985. Han er utdanna ved Vestlandets kunstakademi, Bergen, 1981 - 85 og Slade School of Fine Art, London, 1988 - 1989. Hans performancekunst er karakterisert ved eit sterkt nærvær, stillhet, poesi og underfundig humor. Ettersom kunstnarskapet hans i all sitt mangfald kjenneteiknast av ein indre samanheng, kan mykje av det same seiast om hans bøker. Dei fleste av dem er enten tekstbaserte, eller visuelle, men nokre er også ein miks av begge. Tematisk behandlar dei alt mellom himmel og jord, både stort og smått, med titlar som "Om sjokoladekake", "Om pust", "Det gjenomskinelege", "Om menneska", "Om alt", "Om fotball med meir" og "Eg er ein frosk", bare for å nevne nokre få.  
 Kurt Johannessen fekk Bergen kommune sin kunstnarpris i 2005, og bøkene hans fekk pris ved London Artist Book Fair både i 2004 og 2006. Kurt Johannessen bur og arbeider i Bergen.     
 
Kurt Johannessen sin hjemmeside: www.zeth.no   

Utstillinga står til søndag 16. februar.

 

 

Dato

25. januar

Tidspunkt

14:00

Opningstider

Måndag

Tysdag - Fredag

Stengd

11:00 - 16:30

Laurdag

Sundag

11:00 - 16:00

12:00 - 18:00

Kontaktinformasjon

Oseana Kunst- og Kultursenter
Mobergsbakken 20
5200 Os

For spørsmål, kontakt Evelyn Holm på evelyn@oseana.no