nodeimage

Kurt Johannesen - Om sjokoladekake. 12.02, kl. 19.00

Performanceforedrag

 

I anledning siste uke av utstillinga Om lag 102 bøker 1984 - 2020 inviterar vi til nok eit performanceforedrag med Kurt Johannessen.

Performanceforedraget er knytta til boka ”Om sjokoladekake”, som er bok nr. 16 i serien ”Om noko”. Den er ei vidareføring av ”Om tida si oppgåve”, som ser på endringar og konsekvensar frå tida si inngang og inn i framtidige notidar. Den same forteljinga finn ein i ”Om sjokoladekake”, men her med sjokoladekaka som sentrum. Tida før sjokoladekake, Sjokoladekaka sitt nullpunkt og tida med sjokoladekake blir presentert. Sjokoladekaka si inngang i tida er eit resultat av ein spesifikk kompleks klumping. Kvifor er den her, og kva planer har den for notida og framtidige notider? Dette og mykje anna sjokoladekakeeksistensialisme blir tatt opp i foredraget.

 Etter foredraget serverer vi heimelaga sjokoladekake etter Kurt sin eigen oppskrift.

 

Fri inngang.

Dato

12. February

Tidspunkt

19:00

Opningstider

Måndag

Tysdag - Fredag

Stengd

11:00 - 16:30

Laurdag

Sundag

11:00 - 16:00

12:00 - 18:00

Kontaktinformasjon

Oseana Kunst- og Kultursenter
Mobergsbakken 20
5200 Os

For spørsmål, kontakt Evelyn Holm på evelyn@oseana.no