nodeimage

ka?TARSIS! 04.03. kl. 19:00

Ei iscenesetting av eit (skjebnebestemt?) samanbrot

Av: Enkeltmannsforetaket Ole Mads Sirks Vevle

 

Foto:  ka?TARSIS!, måleri av Judy Sirks Vevle

 

OM FRAMSYNINGA
Dagleg leiar i Enkeltmannsforetaket er oppteken av dei store spørsmåla: Kven er vi? Kvifor er vi her? Ete og drikke? Og kva er eigentleg kunsten si rolle? Skal kunsten vere politisk? Eller skal kunsten rykke deg ut av draumen og ta frå deg livsløgna di? Å rense sjela? KVA SJEL!? 

Dette er ein ekspressiv monolog som går i strupen på eksistensielle, politiske og kunstnariske problemstillingar. Med eit teatralsk språk som er overdrevent affektert og blotta for ironi, tvingar Vevle fram svar på dei ultimate spørsmåla med ultrateatrale verkemidlar. Det eksistensielle alvoret førar til motseiande svar, kor sterke, dramatiske, tildels overdrevne kjensler kjem til uttrykk. Alt peikar mot eit samanbrot!

Katarsis definerast som ‘rensing av sjela’, og visar til den kjenslemessige utladninga ein får av å følge andre sine sterke kjensler. Dagleg Leiar lurar på om ei slik rensing i det heile er mogleg, men han insisterer likevel på å forsøke. Kan kan unngå eit samanbrot, eller er det skjebnebestemt?

Forestillinga varar om lag 90 minutt. Ole Mads Sirks Vevle samtalar med publikum i etterkant.

 

Medverkande
Konsept og utøvar: Ole Mads Sirks Vevle – Kunstnerisk fødselshjelper: Marita Moe Sandven – Dramaturg: Nicola Gunn – Lysdesign/tekniker: Thomas Bruvik – Produsent: Camilla Svingen/Syv mil AS

Om kompaniet
Ole Mads Sirks Vevle var ein sentral performancekunstnar i Bergen på starten av 2000-talet. Han har vunne fleire internasjonale priser. Mellom anna fekk kortfilmen hans Love is the Law to førstepriser under kritikeruka ved filmfestivalen i Cannes i 2003. ka?Tarsis! er hans comeback etter å ha vore borte frå kunstfeltet i 12 år.

Støtta av Kulturrådet. Co-produsent: BIT Teatergarasjen og Kunsthuset Wrap.

 

Reservasjon og kjøp av billetter her: https://www.oseana.no/nb/katarsis

Ord. 100,-. 

 Gratis for medlem av Oseana kunstklubb

 

Følg gjerne vårt Facebook-arrangement!

Dato

04. mars

Tidspunkt

19:00

Opningstider

Måndag

Tysdag - Fredag

Stengd

11:00 - 16:30

Laurdag

Sundag

11:00 - 16:00

12:00 - 18:00

Kontaktinformasjon

Oseana Kunst- og Kultursenter
Mobergsbakken 20
5200 Os

For spørsmål, kontakt Evelyn Holm på evelyn@oseana.no