nodeimage

Galleri Hvelvet

Galleri Hvelvet er Oseana sitt temporære utstillingslokale. 

Rommet måler om lag 22x5 meter og blir nytta til ulike temporære utstillingar. 

Heilt sidan Oseana Kunst- og Kultursenter opna i 2011 har Hvelvet hatt utstillingar av alle slag; separat- og kollektivutstillingar, sals- og utlånsutstillingar, vandreutstillingar frå Nasjonalmuseet og utstillande kunstnarar av lokal, regional og nasjonal storleik. Dei kunstnariske uttrykka har spent frå måleri, grafikk, skulptur og tekstil til performance, videoverk, lydkunst og installasjonar. I menyen til venstre på denne nettsida kan ein sjå kva utstilling som står i Hvelvet akkurat no, og kva utstillingar som har vore før. Hvelvet er ope i opningstidene til senteret. 

 

Søknader om utstillingsplass: 

Oseana tar i mot søknadar om utstillingsplass frå profesjonelle kunstnarar, men har ikkje ei fast årleg søknadsfrist. Vi handsamar søknadane til dels fortløpande, til dels i samanheng med planlegging av utstillingsprogram.

Søknaden må innehalde: 

• Prosjektskisse 

• Bilete som er representative for arbeidet, arbeidsteikningar eller anna materiale relevant for prosjektet ein søkar med.

• Presentasjon av kunstnar med CV 

• Det er også ynskjeleg med dokumentasjon frå tidlegare utstillingar der dette er relevant.

 

Søknaden sendast på e-post til kurator Evelyn Holm på evelyn@oseana.no . Merk emnefeltet med  «Søknad til Hvelvet».

 

 

Opningstider

Måndag

Tysdag - Fredag

Stengd

11:00 - 16:30

Laurdag

Sundag

11:00 - 16:00

12:00 - 18:00

Kontaktinformasjon

Oseana Kunst- og Kultursenter
Mobergsbakken 20
5200 Os
e-post: evelyn@oseana.no