nodeimage

Bernt Tunold 31.08. - 13.10.

Bernt Tunold - ein eld som aldri slokna

Velkomen til opning laurdag 31. august kl. 14 - 17.

Utstillinga blir opna av Einar Wiig.

Kl. 15: Kurator for utstillinga, Jan H. Landro, samtalar med Per Grieg sr. om Bernt Tunold.

 

Blant våre landskapsmålarar skal Bernt Tunold (1877-1946) nemnast saman med I. C. Dahl, Lars Hertervig og Nikolai Astrup. På sitt beste kunne han skildre det vestlandske landskapet som ingen annan. Med sin karakteristiske grønfarge, «Tunold-grønt», og med sin eigenarta evne til å fange inn det vestlandske gråvêret i alle tenkelege nyansar, står han støtt i vår kunsthistorie.

 

År etter år farta Tunold ikring med målarsakene sine og «kartla» landsdelen frå Sunnmøre i nord til Indre Ryfylke i sør. Hundrevis av ulike motiv festa han til lerretet, og kjærleiken hans til det gamle, det som ikkje var modernisert, kan tydeleg lesast ut av bilda hans. Klyngetun og gardar der nymotens arkitektur ikkje hadde vunne innpass, viser att i bilde etter bilde. Fleire gongar greip han til pennen i møte med nyare gardshus, som ikkje var plasserte slik i terrenget som dei burde, og ofte såg ut som framandelement. Då var han ikkje nådig!

 

Eit vondt liv med alkoholisme og annan sjukdom dreiv han med åra innandørs dersom vêret ikkje spelte på lag. For måle måtte og skulle han, det levde i han ein eld som aldri slokna. Då var Tunold tvungen til å utvikle andre sider av talentet sitt. Han har laga fleire detaljrike, gjennomarbeidde interiørbilde, som denne utstillinga gir prov på. Også kyrkjeinteriør fanga interessa hans, og då helst slike som var rikt dekorerte. For det var kyrkjas kunst, meir enn kyrkjas ånd, som opptok Tunold.

 

Stilleben blei òg ein viktig sjanger for denne kunstnaren i dei femten siste leveåra hans. Her slår ei anna interesse tydeleg igjennom: kulturhistorie. I årevis hadde han på målarferdene sine samla gamle handverksprodukt – tiner, åklede, krukker, flasker, bunadsdelar, fat, bollar, lysestakar og anna. Ei tid leika han med tanken om å opne sitt eige museum. Karakteristisk for desse bilda er at Tunold set ulike gjenstandar inn i motiva. Med slike «relikviar» held han fast på ei tid som var og ærer gammalt handverk. Som få andre var han fortruleg med det vestlandske kulturmiljøet, og som ein konservator legg han fram for oss bilde på regionalt levesett og skikkar. Desse bileta gav han også høve til å eksperimentere med lys og komposisjon.

 

Om kunstnaren: 

Bernt Wilhelm Tunold var fødd 25. januar 1877 på klosterøya Selja og døydde av lungebetennelse i Bergen 23. januar 1946. Han registrerte seg som innflytta i Bergen i 1900, og hadde byen som adresse resten av livet – med unnatak for eit år i Sigerfjord i Nordland (1912-1913) og fire år i Ommedalen i Hyen (1916-1920). Begge stader laga han noko av det beste i kunstnarskapen sin, som denne utstillinga gir fleire døme på.

 

Tunold omtala seg gjerne som autodidakt, men to vintrar, 1901-1902, gjekk han på Asor Hansens Malerskole i Bergen. Til liks med mange kunstnarar ønskte Tunold eit studieopphald i Paris, helst under kubisten André Lhote. Men han kom seg aldri til Paris, eller ut av landet i det heile. Upåverka dreiv han med sitt, tok tilsynelatande ikkje inntrykk av det som skjedde i kunstfeltet og arbeidde snarare med å foredle uttrykket sitt enn å skape radikal fornying. Stilhistorisk kan han plasserast i skjeringspunktet mellom realisme og naturalisme.

 

Bernt Tunold er representert i Nasjonalgalleriet og andre viktige samlingar. På Slottet i Oslo heng «Våraften efter regn» og «Fra Nordfjord». Desse blei gitt av Sogn og Fjordane og Hordaland fylke i høve kong Haakon VIIs 40-årsjubileum som regent.

 

 

Utstillinga er kome i stand i samarbeid med Sogn og Fjordane Kunstmuseum.

 

Kurator: Jan H. Landro, journalist og forfattar

Medkuratorar: Ingrid Norum, SFKM og Evelyn Holm, Oseana Kunst & Kultursenter

 

Ein spesiell takk til alle velvillige utlånarar!

Dato

31. august

Tidspunkt

14:00

Åpningstider sommer 2019

Mandag - Fredag 11:00 - 16:30

Lørdag

Søndag

11:00 - 16:00

12:00 - 18:00

Kontaktinformasjon

Oseana Kunst- og Kultursenter
Mobergsbakken 20
5200 Os

For spørsmål, kontakt Evelyn Holm på evelyn@oseana.no