nodeimage

AVLYST / UTSATT. Renate Rivedal: Ambrosia Tønnesen - Ho som arbeidde aleine. 18.11. kl. 19

Foredraget vil finne stad i Griegsamlinga

Ambrosia Tønnesen blir rekna som den første profesjonelle kvinnelege bilethoggaren. Tønnesen var ein anerkjend kunstnar i samtida og i bybiletet i Bergen kan vi fleire stader finne hennar verk; som marmorbysta av Amalie Skram på Bergen Offentlige Bibliotek, Ole Bull i fontena på Nedre Ole Bulls plass og J.C. Dahl i bronse sittande i ei nisje på fasaden til KODE 1, den gang «Den Permanente utstillingsbygning».

I foredraget skal vi få høyre meir om den spanande, utradisjonelle, ambisiøse og dyktige Ambrosia Tønnesen. Etter foredraget er det ope for spørsmål og diskusjon.

 

Renate Rivedal er kunstformidlar og jobbar som kulturkonsulent ved Enhet for kulturformidling og deltakelse. Ho har master i kunsthistorie og lang erfaring som formidlar ved ulike kunstinstitusjonar.

Ord. 100,-

Gratis for medlemmer av Oseana kunstklubb.

Illustrasjonsbilete: Ambrosia Tønnesen i sitt atelier

 

Registrering og billettar ved lekkja under eller ved å kontakte Oseana sin resepsjon. Ope kvardagar 11-16.30, laurdagar 11-16, søndagar 12-18. Tlf. 917 50 231.

 

https://www.ticketmaster.no/event/foredrag-m-renate-rivedal-ambrosia-tonnesen-ho-som-arbeidde-aleine-billetter/650065

 

Grunna smittevern er det kun 50 billettar tilgjengeleg.

Dato

18. november

Tidspunkt

19:00

Opningstider

Måndag

Tysdag - Fredag

Stengd

11:00 - 16:30

Laurdag

Sundag

11:00 - 16:00

12:00 - 18:00

Kontaktinformasjon

Oseana Kunst- og Kultursenter
Mobergsbakken 20
5200 Os
e-post: evelyn@oseana.no